Uveret Amy herja med skogen

Stormen i byrjinga oktober, som fekk namnet Amy, gjorde stort innhogg i skogen i Nordheimsdalen. Dei som har vore på jakt i området i haust har meldt om mykje vindfelt skog, både nede ved sjøen, oppover mot Brendeli og vidare innover dalen. Fleire tre har falle tett ved allmenningshytta i Brendeli, heldigvis utan at hytta er treft. Ein del av desse vil bli kappa opp og nytta til ved på hytta. Skjøtselsplanen for bygningar, stiar og anlegg i Nordheimsdalen, som fjellstyret har vedteke i samråd med verneområdeforvaltinga, opnar elles for at tre som dett over stiar og bruer kan fjernast, slik at det framleis vert mogleg å ferdast i dalføret. Her ligg det an til at det vert ein del arbeid med motorsag og øks framover!

Foto: Bjørn Ebne


Neste
Neste

Bra felling i Nordfjella