Fiskestatistikken for 2025

På grunnlag av alle innkomne fangstrapportar har fjellstyret no laga fangststatistikken for garnfisket i Aurland statsallmenning for sesongen 2025. 92 % av dei som kjøpte sesongkort for garnfiske har rapportert – det må seiast å vera middels bra! I tillegg har me fått inn ein god del rapportar frå dei som fiska med stong. Samla fangst på garn og stong vart nesten 1500 kg, noko som må reknast som  middels. Stora Vargevatnet har teke over for Nyhellermagasinet når det gjeld kvar det vert teke opp mest fisk, der vart samla fangst 486 fisk og 232 kg, eit bra resultat. I Nyhellermagasinet vart det teke opp 140 kg fordelt på 233 fisk, svært fin fisk der no. Langavatn/Adamsvatn ligg framleis på topp på sportsfiskestatistikken, med 103 fisk med ei samla vekt på 35 kg. Største fisken denne sesongen vart teken på stong i Namnlausvatnet ved Skomabreen, og vog 1,95 kg. Les meir på Fiskestatistikk 2025.

Neste
Neste

Uveret Amy herja med skogen