Om Fjellstyret

Aurland statsallmenning: 450 kvadratkilometer høgfjellsterreng, 150 fiskevatn, mange kilometer med fiskeelv. Lettast kjem ein til området ved å køyra fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol gjennom Aurlandsdalen. Frå Stemmerdalen til grensa mot Hol går vegen gjennom statsallmenningen.

Fjellstyret si hovudoppgåve er å forvalta bruksrettane i statsallmenningane i Aurland i samsvar med bestemmelsane i Fjellova. Dette gjeld rettar som fiske, småviltjakt, jakt på villrein og anna storvilt, beite og stølar.

Fjellstyrekontoret ligg i 2. høgda på Fjordsenteret i Aurland. I sommarsesongen (ut september) er det fast opningstid kvar torsdag kl. 12.00-17.00. Ujamne opningstider utanom dette.

Les meir om fjellstyret sine arbeidsområde i Forvaltingsplan for Aurland statsalllmenning 2016-2019, Årsmelding for 2017Årsmelding for 2016 og Årsmelding for 2015.