Bra felling i Nordfjella
Villreinutvalet sin fellingsstatistikk syner at fellingsresultatet i jakta vart 48 dyr. Med ein fellingskvote på 80 dyr, gav dette ein fellingsprosent på 60. Villreinutvalet valde å stoppa jakta den 12. september, ut frå at det då var felt nok vaksne dyr til å gje eit stort nok tal analyserte cwd-prøver til å nå målet som var sett. Sjå fellingsresultat i Nordfjella villreinområde jakta 2025. Det var i år 100 % oppslutning om prøveinnsendinga av felte dyr, noko jegerane skal ha stor ros for. Innsende prøver utgjer grunnlaget for Veterinærinstituttet si berekning av cwd-status for bestanden i Nordfjella.