SØKNADSFRIST FOR FELLINGSLØYVE

Søknad om fellingsløyve for rein må sendast fjellstyret seinast 1. juni. Send gjerne søknaden på e-post til aurland@fjellstyrene.no. Alle som søkjer vil få stadfesting på at søknaden er motteken. Søknad kan og sendast i posten til Aurland fjellstyre, Onstadvegen 25, 5745 Aurland, eller leverast på fjellstyrekontoret.

Det er i år vedteke ein fellingskvote for Nordfjella på 80 dyr, alt som fellingsløyve for bukk 1 ½ år og eldre, der det i staden for bukk kan fellast kalv. Det er m.a.o. simlene som skal fredast i år, med tanke på å auka kalveproduksjonen framover.

Fjellstyret har og ein liten kvote i statsallmenningen Broksfjellet sør for Myrdal, innan Hardangervidda villreinområde. Dei som søkjer på desse løyva må skriva det særskilt i søknaden.

Aurland Fjellstyre