Velkomen til isfiskedag i Stemmerdalen

Aurland fjellstyre og Aurland turlag inviterer til ein flott dag i fjellet med isfiske, bålkos og vonleg også ein aure eller to.

Fjellstyret stiller med isfiskeutstyr og gratis fiskekort til alle. Me har bål, lavvo og noko godt å bita i frå Steinbergdalshytta. Ta med varme kle, ski/truger/akebrett og noko du kan grilla på bålet.

Tid: Søndag 23. april frå kl 11.00 og utover dagen

Stad: Oppmøte ved parkeringa langs fylkesvegen nedom Steinbergdalshytta. Fiskeplassen ligg om lag 100 meter unna, lett synleg frå vegen.

Me oppmodar spesielt folk som ikkje er så vande med isfiske og vinterfriluftsliv til å bli med! Ta kontakt med Aurland fjellstyre v/Aron Gudmundsson (952 77 539), så vil han hjelpa til med å skaffa naudsynt utstyr og ein «fadder» for dagen.

Fiskedagen vert gjennomført så sant vegen er open og isen trygg. Meir info vert lagt ut på heimesida når det nærmar seg.

Foto: Knut Fredrik Øi

Aurland Fjellstyre