Ingen isfisk, men vellukka dag likevel!

Sundag 23. april arrangerte Aurland Turlag og Aurland Fjellstyre isfiskedag i Stemmerdalen. Det hadde vore blå himmel og sol i lang tid, men då den planlagde dagen nærma seg, såg vêrmeldinga i overkant spanande ut. Mykje regn og vind i vente.. Men med oppsett lavvo, kort avstand til veg og Steinbergdalshytta i bakhand, tok me likevel sjansen på å gjennomføra.

Ivrige fiskarar - og ivrig borar

Vêrmeldinga hadde nok skremt mange frå å koma til fjells, men nokre tøffingar møtte likevel opp. Totalt var me 15 folk og ein grønlandshund. Til isfiskedagen hadde me spesielt invitert flyktningar busett i  Aurland. 6 vaksne og 1 born frå Ukraina var med oss for å prøva å overlista aura i Stemmerdøla, ein av dei profesjonell fiskar frå heimlandet! Fjelloppsyn Aron Gudmundsson bora rikeleg med hol i området kor me frå haustfisket med barneskulen veit det står godt med fisk. Men trass i ivrige fiskarar og nygrave meitemark, klarte ingen å lura fisken denne dagen.  Grillpølser er heldigvis meir lettlurte, og varma godt i magen etter nokre timar på isen. Til slutt gjekk me opp til Solveig Kvakestad på Steinbergdalshytta og stekte vaflar, drakk kaffi og prata saman etter beste evne på norsk, engelsk og ukrainsk.

Glad gjeng med gode kle, so fekk vêret vera som det ville.

Det er mykje enklare å fanga grillpølser enn isfisk

God stemning med grønlandshunden til Cecilie:-)

Aurland Fjellstyre