Status anleggsvegar

Alle anleggsvegar er opne for fri ferdsle, utanom vegen til Nyhelleren. I samband med rehabilitering av dam Vetlebotn og sekundærdam Nyheller, blir det avgrensa tilgang til denne vegen for allmenta. Vegen er stengd med bom ved avkøyringa til Finndalstunnelen i Vetlebotn.

Driftspersonell frå byggherren som skal utføra naudsynt drift og/eller vedlikehaldsoppgåver vil få tilgang også i stengde periodar. Informasjon om opningstider finn ein på informasjonsskilt ved bommen, og på fjellstyret si heimeside. Vegtrasèen vert opna for allmenta følgjande tider:

Kvardagar: Dagleg frå kl. 11.00 til 12.00

Helgar: Frå torsdag kl. 20.00 til måndag morgon kl. 06.30

Aurland Fjellstyre