Damejakt på ryper

Fyrste helga i oktober arrangerte fylkeslaget til NJFF rypejakt i Aurland.

«Eg takka ja til verv som tillitsvalt i kvinneutvalet i Sogn & Fjordane JFF i 2020», seier Heidi Ryum Marsh. Allereie same haust tok Solveig Kvakestad på Steinbergdalshytta kontakt og spurte om samarbeid. Saman laga dei ei pakke med rypejakt og overnatting.  «I 2021 hadde me 8 plassar tilgjengeleg og fekk 6 deltakarar. Arrangementet vart godt motteke og det var ønskje om å auka tal plassar. No i år var det i utgangspunktet 12, men me fekk auka til 13 då det var stor etterspørsel, også nokon på venteliste.» seier Heidi.

Steinbergdalshytta ligg i Aurland statsallmenning. Fjellstyret vart kontakta for å høyra om det var mogleg å frigjera jaktkort til ordninga. Fjellstyret fatta vedtak om å stilla med kjentmann og jaktkort på småvilt, trass i at det er låge kvoter på rype for tida.

«Grunnlaget for denne type aktivitet er at det skal være eit lågterskel tilbod for å få fleire jenter ut på jakt. Det er gunstig pris for medlemmer i NJFF og ein fin arena for å treffa andre jenter som jaktar», seier Heidi.

Med nysnø på toppane, vekslande nedbør og frisk vind la 14 ivrige kvinner i veg inn i fjellheimen på jakt etter ryper. Etter mange kilometer og høgdemeter i ur og røys, vart resultatet rypeobservasjonar på alle saman. Nokre hol i lufta vart det også. Men for Birgit Schie vart det derimot full klaff.  Etter mykje øving på avstandsmåling i terrenget, og litt treningsskyting på blink, var det ingen nøling då skotsjansen på fjellrypa plutseleg var der. Sjølv om det er bag-limit på ei rype, så er det ingen avgrensing på mengda glede!

Planlegging av neste års program i Sogn og Fjordane JFF er allereie i gang, og Heidi er tydeleg på at ho ønskjer småviltjakt med base i Steinbergdalshytta som ein årleg aktivitet.

«Vi er veldig takknemlege for at Fjellstyret er så positive til dette opplegget», avsluttar Heidi Ryum Marsh.

Forrige
Forrige

Fellingsprosent på 100

Neste
Neste

Kreativ båtvøling