Fellingsprosent på 100

For fyrste gong i nyare tid, eller kanskje nokon gong, er det i år felt dyr på alle tildelte fellingsløyve for rein i Aurland statsallmenning (sone 2). Fjellstyret delte ut 16 kort, og alle vart innleverte med opplysningar om felt dyr. Sju av dei 16 som var tildelt jaktkort var førstegongssøkjarar under 20 år, som fjellstyret har vedteke skal ha fyrsteprioritet under trekninga. Kanskje skulle ein tru at dette ville gje dårlegare fellingsresultat - nye jegerar, lite kjende o.s.b. - men no tyder mykje på at det tvert imot gav betre felling enn om det berre var “gamle” jegerar som disponerte fellingsløyva. Det kan sjå ut som både ungdomane som var tildelte løyva og jegernettverket deira har lagt ned god innsats i å finna reinen og få felt dyr. Sjølvsagt bidreg og den gode samjaktavtalen mellom statsallmenningen og dei private jaktfelta i Aurland til den gode fellinga. I same retning dreg ordninga med at fleire jegerar kan danna jaktlag og gå på det same kortet.

Reinsflokk ved Bakkahelleren 29. september

Aurland Fjellstyre