Jegerinformasjon

SNO har sendt ut denne meldinga:

Etter litt diskusjon har ein kome fram til at det frå og med i år ikkje blir produsert det som har blitt kalla "digital villreinfolder". Ein ynskjer i staden å lage ei dedikert underside på villreinsenteret sine sider som inneheld same informasjon. Då vil dette bli søkbart på nettet i motsetning til slik det var når folderen låg ute som eit dokument. Det har vore eit problem at jegerar ikkje les denne informasjonen og ein håpar no at dette vil bli betre med den nye løysinga. Dei valdansvarlege kan no oppgje denne linken i sin informasjon til villreinjegerane:  Reinsjakta 2022 — Villrein.no - alt om villrein

Rein på Raudnosi, juli 2021

Aurland Fjellstyre