Ingen reinsjakt i Nordfjella i år

Til vanleg lyser fjellstyret ut fellingsløyva for rein på denne tida. Slik vert det ikkje i år, då villreinutvalet for Nordfjella har vedteke å gå inn for 0-jakt, noko som villreinnemnda har godkjent. Bakgrunnen er at villreinutvalet sin driftsplan for villreinområdet legg opp ein periode utan jakt, for på den måten å byggja opp stamma i sone 2 (Vestfjelli) med sikte på å få inn att rein i sone 1.

Når det gjeld dei få fellingsløyva som fjellstyret får tildelt på Broksfjellet, allmenningen som ligg innanfor Hardangervidda villreinområde, har fjellstyret vedteke følgjande: Fjellstyret opnar ikkje for jakt på rein i statsallmenningen Broksfjellet i år. Tildelte fellingsløyve vert søkt nytta i område på Hardangervidda. Fjellstyret vil søkja kontakt med fjellstyra der for å prøva å få oppretta samjaktavtale.

Dei som ynskjer å søkja på desse løyva, må levera søknad til fjellstyret innan 1. juli. Meir om villrein og anna storvilt finn du her.

Forrige
Forrige

NAPP - ny app for fiske

Neste
Neste

Opningstid på fjellstyrekontoret