Fjellstyret ynskjer god jul!

Fjellstyret vil ynskja alle fjellfolk og brukarar av allmenningane i Aurland ei god jul! På biletet er fjellstyremedlemar og tilsette samla, for høvet kledde med huver av typen «Fjellstyre Jo»  -  oppkalla etter fjellmannen Jo Gjende - som fjellstyret fekk overrekt i samband med tildelinga av tittelen «årets fjellstyre 2022» tidlegare i år. Frå venstre Leif Turlid, Harald Skjerdal (dagleg leiar), May Britt Martinsen, Håkon Øydvin (fjelloppsyn), Aron Freyr Gudmundsson (fjelloppsyn), Tor Olav Kvam, Erling Nesbø (nestleiar) og fjellstyreleiar Sigurd Vikesland. Fjelloppsyn Knut Fredrik Øi i var ikkje til stades då biletet vart teke.

Aurland Fjellstyre