DAGSKORT VILLREIN NORDFJELLA

Aurland fjellstyre har løyvd eit bukkakort til ordninga med dagskort. Bakgrunnen er låge kvotar og ved eit opplegg med dagskort, vil fleire få moglegheit til å koma seg på reinsjakt. Jeger får berre ha løyvet med seg ein dag, før det må leverast inn att. Då går kortet vidare på trekkingslista. Det er ikkje høve til å laga jaktlag på dagskortet. Prisen er 500.- kr dagen + prisen på fellingsløyve ved felling. Søknadsfristen for dagskort er 3. juli. Trekkinga blir føreteke administrativt på fjellstyrekontoret. Søknad sendast på e-post eller leverast på fjellstyrekontoret.






Aurland Fjellstyre