Fiske i Aurland

Det er 150 fiskevatn på over 20 dekar i allmenningen, og mange kilometer med elvestrekning. Fiske er aktuelt frå tidleg i juni, då vatna langs fv. 50 vert isfrie. Dei høgstliggjande vatna vert ofte isfrie først i slutten av juli. Det er ikkje fastsett noko fredingstid om hausten. Isfiske kan vera aktuelt i nokre vatn. Aure er einaste fiskeart  –  i mange vatn utsett fisk frå fiskeanlegget i Aurland (Aurland Setjefisk SA). Vanleg storleik på fisken er 0,3 – 0,8 kg, men det vert og teke fisk på over kiloen. Innanbygdsbuande kan få kjøpt sesongkort for garnfiske. I nokre vatn er det tilbod om garnfiske for utanbygdsbuande.

Fiskekortet

Fiskekortet for statsallmenning (sone 1 på felleskortet) gjev høve til stong- og oterfiske i alle vatn i allmenningen.  Det er oppretta felles fiskekort med 6 private soner, som dekkjer det meste av kommunen. Det vert selt eit kort som dekkjer alle sonene («Aurlandskortet») i tillegg til rimelegare kort innan kvar sone. 

Sjå kart over alle sonene her. Kartet kan du og få i trykt versjon på utsalsstadene for fiskekort.

 

Prisar

Fangsstatistikk

Fjellstyret oppmodar alle som fiskar om å levera fangstoppgåve. Desse rapportane dannar grunnlag for årleg fangststatistikk.

Salsstader for fiskekort

VIA NETT: 

inatur.no

 

VIA SMS: 

Sjå oppslag om dette på rasteplassar ved fv. 50 og andre innfartsvegar til kommunen. 

 Ver merksam på at det ved kjøp av kort via mobil eller nett kjem til ei avgift for administrasjon av ordninga, slik at kortet vert litt dyrare!

VIA LOKAL FORHANDLAR: