Fjelloppsynet til Aurland fjellstyre skal ha tilsyn langs sperregjerdet for rein langs fv. 50.

Fjelloppsynet har tilsyn langs sperregjerde

Fjellstyret har inngått avtale med Miljødirektoratet/Statens Naturoppsyn om at fjelloppsynet skal ha tilsyn langs gjerdet som er oppsett for å for hindra at villrein trekkjer mellom sone 1 og sone 2 i Nordfjella, og elles med flokkar som nærmar seg fv. 50. Avtalen gjeld fram til utgangen av april i år, med høve til vidareføring. Fjelloppsynet oppmodar om at folk som ser rein eller spor etter rein i områda langs vegen eller i nærleiken av gjerdet melder frå!  Det er i alle si interesse at ein greier å halda dei to sonene skilde, med omsyn til smittesanering.

 

Småviltjakt

Fjellstyret har vedteke følgjande opplegg for småviltjakta i Aurland statsallmenning hausten 2017:

  • Jakttida for rype og hare vert 1. oktober - 23. desember.

  • Det vert dagskvote på rype, 1 fugl per jeger.

  • Det vert selt eit avgrensa tal kort på Inatur.no, med start i kortsalet 1. september. Kortsalet fordeler seg med 25 dagskort, 25 todagarskort, 20 tredagarskort, 10 vekekort og 10 sesongkort.

 

 

 

 

642 reinsdyr felt under jakta i Nordfjella

Fellingsstatistikken etter den nesten 3 månader lange jakta i haust gjev eit samla fellingstal på 642 dyr. Fellinga fordelte seg med 582 dyr i sone 1 og 60 i sone 2. Sjå heile fellingsstatistikken for jakta i Nordfjella 2017.

 FLEIRE NYHENDE:

  • Fangststatistikken frå fjellfisket i 2017 er klar
  • Fjellstyret si årsmelding for 2017
  • Fjellstyrerekneskapen for 2017
  • Sakliste fjellstyremøte 6. februar
  • Fjellstyrebudsjettet for 2018 er vedteke
  • Flott artikkel om fisket i Nordfjella og Aurland statsallmenning i bladet Alt om fiske nr. 1/15. Les artikkelen

  •