Fangsten på sportsfisket var større enn garnfisket sesongen 2016

Fjellfisket i Aurland statsallmenning 

Innkomne fangstrapportar syner at omfanget av sportsfisket, rekna i kg fanga fisk, vart større enn garnfisket i statsallmenningen sommaren 2016. Fangsten på stong passerte eitt tonn. Les heile fiskestatistikken for 2016.

 

Opne fjellvegar, isfrie magasin

Islutten av juli opna vegen til Nyhellereren for trafikk. Det same gjeld vegen til Håbergsholene. Vegen til Vargene er stengd med bom nede ved dam Vestredalen. Les infoskilt om anleggsarbeidet ved bommen, der vegen startar. Sjå bilete frå store Vargevatnet og Svartavatnet juli 2017.

 

Småviltjakt

Fjellstyret har vedteke følgjande opplegg for småviltjakta i Aurland statsallmenning komande haust:

  • Jakttida for rype og hare vert 1. oktober - 23. desember.
  • Det vert dagskvote på rype, 1 fugl per jeger.
  • Det vert selt eit avgrensa tal kort på Inatur.no, med start i kortsalet 1. september. Kortsalet fordeler seg med 25 dagskort, 25 todagarskort, 20 tredagarskort, 10 vekekort og 10 sesongkort.

 

 

 

 

Endra prisar for fellingsløyva - fjellstyret har nokre kort til sals no

Fjellstyret har vedteke å redusera prisen på fellingsløyve for villrein i Aurland statsallmenning. Vedtak i sak 28/17 lyder slik:

Fjellstyret reduserer prisane for fellingsløyve for rein i Aurland statsallmenning frå 1.9.17 og ut jakta. Nye prisar vert slik:

Innanbygdbuande jegerar: Fellingsløyve for fritt dyr (inkluderer 1 kalv): kr. 1000,-

Utanbygdsbuande jegerar: Fellingsløyve for fritt dyr (inkluderer 1 kalv): kr. 2000,-

 

Samjaktavtalar

Fjellstyret har underskrive samjaktavtalar for jakta 2017, for både sone 1 og sone 2. Begge gjeld frå og med måndag den 11. september for dei som har fellingsløyve for Aurland statsallmenning.  Les samjaktavtale sone 1 og samjaktavtale sone 2. I tillegg er det inngått ein avtale mellom fjellstyra i Aurland og Lærdal som opnar for at jegerar med kort utskrivne av desse fjellstyra kan jakta over kommunegrensa frå og med den 25. august. Sjå samjaktavtale Aurland - Lærdal.

Tildeling av fellingsløyva for rein

Fjellstyret har trekt fellingsløyva for reinsjakta i møtet den 13. juni. Resultatet finn du i desse listene:

Teltliv og fiske i Vestfjelli, Aurland statsallmenning

To damer, Kaja Steen-Johnsen og Tove Eriksen, har sett saman filmklipp frå tur med telting og fisking i Aurland statsallmenning sommaren 2016, og lagt ut under namnet "Ute-avdelingen." Klikk på lenka https://youtu.be/ploLNIFwJdw

 

 FLEIRE NYHENDE:

  • Sakliste fjellstyremøte 20. september 
  • Stort anleggsarbeid på gang i Vargeområdet
  • Møtebok fjellstyremøte 13. juni
  • Sakliste fjellstyremøte 13. juni
  • Møtebok fjellstyremøte 23. mai
  • Fjellstyret si årsmelding for 2016
  • Fjellstyrerekneskapen for 2016
  • Fjellstyret sitt budsjett for 2017 er vedteke
  • Sjå Aurland fjellstyre si årsmelding for 2015 
  • Flott artikkel om fisket i Nordfjella og Aurland statsallmenning i bladet Alt om fiske nr. 1/15. Les artikkelen

  •