Hjortejaktterreng i Nordheimsdalen

Hjort og elg

Sjå fjellstyret sine retningsliner for elg- og hjortejakt i Aurland statsallmenning

Jaktfelt nr. 1

Fjellstyret har delt valdet i to jaktfelt. Jaktfelt nr. 1 vert utleigd for 2 år (2010-2011). Her står innan- og utanbygdsbuande jaktlag likt ved tildelinga. Søknad og tildeling av jakt skjer gjennom inatur.no. På den nettsida finn ein meir informasjon om søknadsprosedyre og trekning.

Jaktfeltet ligg langs fjorden ca. 3 mil vest for Aurlandsvangen. Det strekkjer seg frå Merkesgrovi på grensa til Lærdal Kommune og ca 6 km. innover fjorden. Nordover blir feltet avgrensa av høgdekoten som går 600 m.o.h.

Med dagens kvotar disponerer dette jaktfeltet fellingsløyve på 4 hjortar.

Det er ikkje eit krav at jaktlaget disponerer eigen ettersøkshund, men laget må sjølve syta for avtale med godkjent ekvipasje.Jaktperiode 10.9. – 31.10.

Dette er eit tildels svært bratt og utilgjengeleg jaktterreng, men dei seinare åra har det vist seg å vera eit godt jaktterreng med god felling. Bestanden av hjort i valdet er bra, og kondisjonen på dyra er tilfredsstillande. Jaktlaget må sjølve disponera båt på fjorden for å koma seg ut til jaktfeltet, eller leiga seg båtskyss. Det er bygt kai, og godt tilrettelagt for fortøying av båt.

Det ligg ei gammal tømmerkoie midt i jaktfeltet, 365 m.o.h., der er det mogleg å overnatta. Denne hytta har ein svært enkel standard. Alternativt kan ein leiga seg inn i overnattingsverksemder i Aurland, og nytta båt til og frå.

 

Jaktfelt nr. 2

 

Dette feltet vert utleigd for 4 år (20082011) til Aurland jakt- og fiskelag, som står for vidare administrasjon, utlysing og trekking. Feltet omfattar den delen av Aurland nordre statsallmenning som ligg ovanfor høgdekote 600. Med dagens kvotar disponerer feltet 7 fellingsløyve for hjort, i tillegg til eit elgløyve. Dersom det er ledige løyve etter at jakta i jaktfelt nr. 1 er avslutta, tilfell desse restløyva kvoten til dette jaktlaget.

 

Innanbygdsbuande søkjarar vert prioriterte i dette jaktfeltet. Jaktlaget vert samansett av dei einskildsøkjarane som vert tildelte jakt ved trekking.

 

Søknad kan sendast innan 15. mai til Aurland jakt- og fiskelag, jaktutvalet v/Kjell Hov, 5743 Flåm. Spørsmål om jakta kan rettast til Kjell Hov, tlf. 57 63 22 95.