OM FJELLSTYRET


​​​​​​​​Aurland statsallmenning: 450 kvadratkilometer høgfjellsterreng, 150 fiskevatn, mange kilometer med fiskeelv. Lettast kjem ein til området ved å køyra fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol gjennom Aurlandsdalen. Frå Stemmerdalen til grensa mot Hol går vegen gjennom statsallmenningen.

Fjellstyret si hovudoppgåve er å forvalta bruksrettane i statsallmenningane i Aurland i samsvar med bestemmelsane i Fjellova. Dette gjeld rettar som fiske, småviltjakt, jakt på villrein og anna storvilt, beite og stølar.

Fjellstyrekontoret ligg i 2. høgda på Fjordsenteret i Aurland. I sommarsesongen (ut september) er det fast opningstid kvar torsdag kl. 12.00-17.00. Ujamne opningstider utanom dette.

Les meir om fjellstyret sine arbeidsområde i Forvaltingsplan for Aurland statsalllmenning 2016-2019, Årsmelding for 2016 og Årsmelding for 2015.

FJELLSTYREMEDLEMAR


Fjellstyret har  5 medlemar med personlege varamedlemar som vert valde av kommunestyret. 

Oversikt over dei som er valde for perioden 2016-2019 finn du her.

Frå venstre: May Britt Martinsen, Ingeborg Indrelid, Erling Nesbø (leiar), Bjørn Ebne, John Håland.

TILSETTE I FJELLOPPSYNET


Harald Skjerdal

Dagleg leiar/fjelloppsyn, 50 % stilling.

Mobil: 47 87 43 74
E-post: aurland@fjellstyrene.no

Håkon Øydvin

Fjelloppsyn, driftsleiar setjefiskanlegg, 100 % stilling.
Rovviltkontakt for SNO for området Årdal – Lærdal – Aurland.

Mobil: 99 56 76 50
E-post: haakon.oydvin@fjellstyrene.no

Knut Fredrik Øi

Fjelloppsyn/gjetar, 100 % stilling.
Utfører tenester som viltforvaltar for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland i nær 50 % av tida.

Mobil: 93 05 96 37
E-post: knutfredrik.oei@gmail.com