Det er i dette terenget, over 600 m.o.h., at fjellstyret tilbyr dagskort for hjortejakt.

Dagskort for hjortejakt i Nordheimsdalen

Fjellstyret tilbyr frå 1. november dagskort for hjortejakt i det øvre jaktfeltet (over 600 m.o.h.) i Nordheimsdalen. Søknadsfristen for jaktkort/jaktdagar er 25. oktober. Etter denne datoen kan ein likevel få tildelt jakt når det er ledige fellingsløyve og dagar. Les meir.

 

Småviltjakt

Fjellstyret har vedteke følgjande opplegg for småviltjakta i Aurland statsallmenning denne hausten:

  • Jakttida for rype og hare vert 1. oktober - 23. desember.
  • Det vert dagskvote på rype, 1 fugl per jeger.
  • Det vert selt eit avgrensa tal kort på Inatur.no, med start i kortsalet 1. september. Kortsalet fordeler seg med 25 dagskort, 25 todagarskort, 20 tredagarskort, 10 vekekort og 10 sesongkort.

 

 

 

 

Innlevering av fellingsløyva

Alle fellingsløyve for villrein - både brukte og ubrukte - må leverast inn til fjellstyret no, slik at me kan få laga ein fullstendig fellingsstatistikk.

 

Samjaktavtalar

Fjellstyret har underskrive samjaktavtalar for jakta 2017, for både sone 1 og sone 2. Begge gjeld frå og med måndag den 11. september for dei som har fellingsløyve for Aurland statsallmenning.  Les samjaktavtale sone 1 og samjaktavtale sone 2. I tillegg er det inngått ein avtale mellom fjellstyra i Aurland og Lærdal som opnar for at jegerar med kort utskrivne av desse fjellstyra kan jakta over kommunegrensa frå og med den 25. august. Sjå samjaktavtale Aurland - Lærdal.

Tildeling av fellingsløyva for rein

Fjellstyret har trekt fellingsløyva for reinsjakta i møtet den 13. juni. Resultatet finn du i desse listene:

 FLEIRE NYHENDE:

  • Sakliste fjellstyremøte 28. november
  • Møtebok fjellstyremøte 20. september
  • Sakliste fjellstyremøte 20. september 
  • Stort anleggsarbeid på gang i Vargeområdet
  • Fjellstyret si årsmelding for 2016
  • Fjellstyrerekneskapen for 2016
  • Fjellstyret sitt budsjett for 2017 er vedteke
  • Flott artikkel om fisket i Nordfjella og Aurland statsallmenning i bladet Alt om fiske nr. 1/15. Les artikkelen

  •