Fangsten på sportsfisket var større enn garnfisket sesongen 2016

Fjellfisket i Aurland statsallmenning 

Innkomne fangstrapportar syner at omfanget av sportsfisket, rekna i kg fanga fisk, vart større enn garnfisket i statsallmenningen sommaren 2016. Fangsten på stong passerte eitt tonn. Les heile fiskestatistikken for 2016.

 

Jegermøte den 3. august

Fjellstyret og grunneigarlaget for villreinvald held jegermøte i ungdomshuset Trudvang torsdag den 3. august kl. 19.00.

  • Generelt om reinsjakta, samjaktavtalar m.m.
  • Mattilsynet orienterer om prøvetaking og handsaming av felte dyr, bruk av innhaldet i "jegerpakka"
  • Oppsynsleiar orienterer om oppsynssentralen for Nordfjella og opplegg for uttransport av kjøt med helikopter

 

Opne fjellvegar, isfrie magasin

No i slutten av juli er vegen til Nyhellereren open for trafikk. Det same gjeld vegen til Håbergsholene. Nyhellermagasinet og Katlamagasinet er isfrie. Vegen til Vargene er stengd med bom omlag halvveges (Vargebotn). Les infoskilt om anleggsarbeid i området nede ved dammen, der vegen startar. Sjå bilete frå store Vargevatnet og Svartavatnet juli 2017.

 

Småviltjakt

Fjellstyret har vedteke følgjande opplegg for småviltjakta i Aurland statsallmenning komande haust:

  • Jakttida for rype og hare vert 1. oktober - 23. desember.
  • Det vert dagskvote på rype, 1 fugl per jeger.
  • Det vert selt eit avgrensa tal kort på Inatur.no, med start i kortsalet 1. september. Kortsalet fordeler seg med 25 dagskort, 25 todagarskort, 20 tredagarskort, 10 vekekort og 10 sesongkort.

 

 

 

 

Samjaktavtalar

Fjellstyret har underskrive samjaktavtalar for jakta 2017, for både sone 1 og sone 2. Begge gjeld frå og med måndag den 11. september for dei som har fellingsløyve for Aurland statsallmenning.  Les samjaktavtale sone 1 og samjaktavtale sone 2. I tillegg er det inngått ein avtale mellom fjellstyra i Aurland og Lærdal som opnar for at jegerar med kort utskrivne av desse fjellstyra kan jakta over kommunegrensa frå og med den 25. august. Sjå samjaktavtale Aurland - Lærdal.

Tildeling av fellingsløyva for rein

Fjellstyret har trekt fellingsløyva for reinsjakta i møtet den 13. juni. Resultatet finn du i desse listene:

Salsdagar på fjellstyrekontoret for fellingsløyva for rein vert torsdag 20. juli, torsdag 27. juli og torsdag 3. august. Tidlegast den 3. august går det ut melding om kort til utanbygds søkjarar som står på varaplass for tildeling. Alle torsdagar er kontoret ope i tida 12.00 - 17.00. Desse salsdagane kan jaktkort m.m. betalast med kort, eller kontant.

Prisar på fellingsløyva for rein

  • Fritt dyr: kr. 1500 (inkluderer felling av 1 kalv i sone 1)
  • Simle/ungdyr: kr. 1000
  • Kalv: kr. 500
  • Inkluderer bladet "Villreinen" til alle som kjøper kort
  • Eventuell fellingsavgift dekkjer fjellstyret  - denne vert ikkje belasta jegeren (sjå prisvedtak i sak 22/14). Ei melding som kom frå ein innleiar frå Miljødirektoratet på jegermøtet i Lærdal den 29. juni om at det i år ikkje skal betalast fellingsavgift til staten for korta i sone 1 vert av nokre jegerar feiltolka i den retning at korta vert delte ut gratis. Dette er sjølvsagt ikkje tilfelle!

Teltliv og fiske i Vestfjelli, Aurland statsallmenning

To damer, Kaja Steen-Johnsen og Tove Eriksen, har sett saman filmklipp frå tur med telting og fisking i Aurland statsallmenning sommaren 2016, og lagt ut under namnet "Ute-avdelingen." Klikk på lenka https://youtu.be/ploLNIFwJdw

 

 FLEIRE NYHENDE:

  • Stort anleggsarbeid på gang i Vargeområdet
  • Møtebok fjellstyremøte 13. juni
  • Sakliste fjellstyremøte 13. juni
  • Møtebok fjellstyremøte 23. mai
  • Fjellstyret si årsmelding for 2016
  • Fjellstyrerekneskapen for 2016
  • Fjellstyret sitt budsjett for 2017 er vedteke
  • Sjå Aurland fjellstyre si årsmelding for 2015 
  • Flott artikkel om fisket i Nordfjella og Aurland statsallmenning i bladet Alt om fiske nr. 1/15. Les artikkelen

  •